Om Mari

Eg, Mari, er 23 år og kjem frå Dalsfjord i Volda kommune, der eg har budd store delar av livet. Her gjekk eg på grunnskulen og etterkvart musikklinja på vidaregåande.

Då eg var 19 år flytta eg til Førde, der eg tok eit år med foto på folkehøgskulen der. Etterpå tok eg turen enda litt lenger sørover på kartet, og hamna i Bergen by. Her har eg oppheldt meg dei siste snart fire åra, og trivst veldig godt. Eg har gått 3 1/2 år på Høgskulen i Bergen, på allmennlærarutdanninga. No er eg nesten-ferdig, og gler meg til å starte i skikkelig jobb medan eg tek dei siste få studiepoenga som skal til før eg er heilt ferdigutdanna.

I Bergen bur eg i ei koseleg leiligheit, saman med ei venninne og ein svart, korthåra katt som heiter Lupus. Fine bergenskveldar med stearinlys på bordet, fin musikk på anlegget, ein sovande katt på sofaen og eit strikkeprosjekt i hendene set eg stor pris på.

Etter eit år på fotofolkehøgskule har eg vel fått opp augene for å ta bilete, noko som eg prøvar å vise fram her. I det siste har eg bestemt meg for at eg skal ta med speglrefleksen litt oftare enn det eg har gjort. Det er fint å dokumentere gode opplevingar gjennom kameralinsa!

Eg starta denne bloggen ein gong då eg framleis gjekk på folkehøgskule. Interessa har vore veldig opp og ned, men no prøvar eg å hugse på å skrive litt i ny og ne. Eg tykkjer at det er kjekt å ha ein stad der ein kan gå tilbake i arkivet for å lese kva eg skreiv om hendingar i livet, både kvardagslege og meir spektakulære ting.

Kjekt at du tek deg tid til å stikke innom! Send meg gjerne ein mail om du lurer på noko. Elles legg gjerne igjen ein kommentar eller to.

Ha ein fin dag!

- Mari

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s