Veke 7-2012

Det har skjedd lite nytt. Lite nytt = lite skriveri = stillstand på blogg. Kvardagen er fylt opp av mange gjeremål. Eg jobbar. Mykje! Det er kjekt og slitsomt på samme tid.

Laurdag er ein fin dag i grunnen. Eg har lite planar i dag, og eg merkar at det er deilig. Med unntak av uvøren støvsugarbruk som førte til ein glaslampe i tusen knas ut over golvet er det lite interessant nytt å melde.

Det går mot vinterferie i Bergen og vinterstudiesamling med HiVolda. Ullkle er kjøpt inn i hopetal, vottepar på vottepar ligg klare og skismøringa er anskaffa. Redsla om å fryse i hel i løpet av fem dagar i telt midt på Strynefjellet er tilstades, men eg trur turen vert bra. Bra folk, bra natur, bra å kome seg ut i friluft over ei lenger periode igjen. Bra!

Dagens musikkanbefaling: First Aid Kit – Emmylou

Sol og søndag

Det er kaldt, blå himmel og sol ute. Det er magisk! Tendensar til påskestemning, nokre månadar på forskot. Føremiddagen inneheldt ein forfriskande gåtur i nabolaget saman med Marte. Magisk.

Vaksen

Det er sundag kveld, og eg har vore attende i Bergen i eit drygt døgn. Det er fint å vere her igjen. Aller finast er det at eg ikkje har dårlig samvit for eit eller anna eksamensgreier eller noko anna skuleaktig. Eg skal ikkje gå på skule heiltid dette semesteret, og det kjennest rart. Plutseleg er eg nesten ferdig, og eg skal hive meg uti kvardagen som vikar på ein ungdomsskule. Eg har plutselig mykje vaksenansvar. Det er rart! Men, det er deilig òg. Tenk at eg er nesten ferdig! Sjukt.

Eg har vorte stor. På ekte. Jaiks.

Godt nyttår!

Klokka har passert midnatt, og ein skriv no 1. januar 2012. Eg har ikkje feira stort, men det vart ei runde med stjerneskot tidleg på kvelden og ei runde i nabolaget her for å sjå på fyrverkeriet ved midnatt.

Takk for det gamle året og alle beste ynskje for det neste. 2012 skal verte bra, det har eg bestemt meg for!

Godt nyttår! Happy Newyear’s!

 

 

 

 

Ei mørk romjul

Det heile starta 1. juledag. Me var inviterte til juleselskap i Nordalen og sat og drakk kaffi då vinden starta å byggje seg opp ute. Hans Olav hadde fått seg gravemaskin til jul og var nøgd med det.

Vinden vart sterkare, og me fann ut at det var best å kome seg heim. Vindkasta tok pusten frå ein, og det flaug greiner og tretoppar veggimellom.

Frå om lag 18:30 1. juledag var det straumlaust i mils omkrets. Det er koseleg ein liten kveld eller nokre få timar, men dette såg ikkje ut til å ta slutt på lenge. Det vart 2. juledag, framleis utan straum. Einaste lyskjelda var stearinljos og lommelykter. Juletreet var svart som natta.

2. juledag gjekk og 3. juledag kom. Framleis utan straum. Det skulle gå heilt til klokka 15:30 4. juledag før stjerna høgt i toppen skulle skine igjen. Nesten70 timar utan straum. Nesten 70 timar utan varmevatn og kalde ferskvarer i kjøleskapet. Nesten 70 timar utan verken fasttelefon eller mobiltelfefon. Nesten 70 timar utan mykje. Ein veit ikkje kor avhengig og glad ein er i elektrisitet før den tek kvelden i 70 laaange timar og du sit på sofaen, i stummande mørkre og ser ut i lufta.

Romjula vart mørk i år. Mørk, men fin likevel. Det kunne vore verre. Hjå oss har det gått fint med hus og heim, det er verre med dei som er hard råka av “Dagmar”-vinden som har teke med seg både tak og treverk.

I dag er det nyttårsafta allereie. Tida går så fort når ein er heime….

Vesle julaftan

Juletreet er pynta, både vårt eige og bestemor sitt. Julematen er kjøpt inn. Julegåvene er pakka inn og køyrt ut. Julefreden har senka seg i Dalsfjord, og eg sit i sofaen og ventar på kjekkedagen i morgon.

Eg vil ynskje alle saman ei retteleg god jul! Vonar alle  får ei fredfull og nydeleg julefeiring.

Julestemning?

Eg sit på eit kaldt soverom og pakkar inn julegåver til den store gullmedalje. Eg har julemarsipan og julesnop ved sidan av meg, og julemusikken strøymer ut av datamaskina. Eg tykkjer situasjonen er rett så koseleg. Men er det dette som er julestemning? Eg veit ikkje. Klarer ein å skilje mellom heilt vanlege koselege ting i kvardagen og heilt vanlege koselege ting som skjer med jul? Vert ting ekstra koseleg fordi det er jul? Korleis kjennes denne julestemninga ut?

Eg er ikkje heilt sikker. Likevel vel eg å tru at det er eit snev av julestemning som gjer det så himla kjekt å pakke inn julegåver sjølv om romet ein sit i er langt under gjennomsnittet varmt. Eg har julestemning. Det er koseleg. Sjølv om det ikkje er snø og hundre minusgrader ute. Eg gler meg til jul. Jul er koseleg. Det må jo vere det som er julestemning. Og jammen bra. I morgon skal juletreet innandørs og få fin pynt på seg. Det er jul!

Juletrehogst 2011

Eg er heime i fine-fjorden, endeleg! Vêret er bra, og i dag var det klart for å finne eit juletre til bestemor. Eg gjekk for det første og det beste, enkelt og greitt.

Juleferie er sålangt ganske digg!

Ferietid!

Eg er ferdig! Etter fire månadar og førtifem studiepoeng kan eg seie takk for meg til Høgskulen i Bergen. Etter jul skal eg ikkje attende. Det er rart å tenkje på…

Men no er det juleferie, og eg har starta julehandelen i dag. Heimreisa er lagt til tysdags morgon, og eg satsar på å ha alle julegåver klare innan den tid. Hurra!

Pus helsar forøvrig god jul! (Og forresten, eg testar ut ein ny layout som gjer at bileta kan visast litt større enn før. Uvant, men me prøvar det ei stund.)

Juleverkstad

Eksamen nummer to av tre er levert. Det er fredagskveld og eg har tatt ei velfortjent pause frå skulearbeid. I kveld har me hatt juleverkstad i heimen, med peparkakebaking på programmet. Eg let bileta tale for seg sjølv…

Sol ute, sol inne

Statusoppdatering, onsdag 7. desember klokka 10.37:

Eg har ikkje komt så langt, sidetalsmessig, men eg er ved godt mot. Ute er vêret heilt magisk! Fuglar set seg på kraftlinja og er tydeleg begeistra for blå himmel og desembersol. Eg er begeistra også, sjølv om eg må vere inne.

#2

Eg sit ved den grønmåla skrivepulten min og gjer ting eg ikkje burde ha gjort akkurat no. Rastløysa slår meg, utan at eg eigentleg ikkje har så mykje å vere rastlaus for. Eg burde ha gjort nyttige ting. Eg burde ha fått ord ned på papiret (les: OpenOffice-dokumentet). Men det går seint framover. Ja, det går faktisk veldig seint framover. Til høgre for meg er vindauget. Ute ser det slik ut:

Eg har heimeeksamen i samtidslitteratur. Norsk 15 studiepoeng. Eg skal skrive om adaptasjon – frå ei bok til ein film. Eigentleg trur eg at eg har mykje på hjartet som vil vere lurt å skrive noko om, men eg kjem liksom ikkje inn i skriveflyten. Merksemda vandrar andre stader rett som det er. Juleferie heime, rusletur i snøen, julegåvehandel. Det er så mykje ein kan drøyme seg vekk i. Denne songen lyd over høgtalarane. Eg tek fram kameraet, utan å heilt vite kvifor. Eg tek bilete av snøen på utsida. Eg tek bilete av englane i glaskarmen.

Klokka er snart halv tre på ettermiddagen, og eg har sett meg som mål at eg skal kome i mål med del I før kvelden kallar. Eg har mykje tankar om kva eg skal skrive. Det gjeld berre å få dei ned på papiret (les: OpenOffice-dokumentet)… Klar, ferdig, gå.

Ha ein fin tysdag, godtfolk! No skal eg skrive. Eg skal skrive mykje. Eg skal skrive fagrelaterte ting i OpenOffice-dokumentet mitt. Eg ynskjer meg sjølv lukke til, og konstaterar at det er èi veke og tre dagar igjen av studentlivet mitt.

2. sundag i advent og julestemning i heimen

Midt i alt eksamensstresset, har eg rett og slett kopla litt ut denne helga. Eg har gjort på ting eg faktisk har lyst til, og skua vekk eksamenstankane litt. Dette vert interessant å sjå fylgjene av, sidan heimeeksamen #2 startar i morgon tidleg. Eg grur meg!

Men, i dag har eg og Marte diska opp med juletallerken i heimen. Tre kjekke gjestar og ein julenissekledd katt var på gjestelista, og svineribbe med tilbehør stod på menyen. Alt vart laga frå botnen, og me er vel stort sett kjempenøgde med vårt første forsøk som julemiddagskokkar! Stor suksess! Nydeleg mat.

Elles har det jo vorte desember, og ei naturleg sjølvfylgje av det er konstant julemusikk over høgtalarane. KLIKK HER om du vil høyre noko av det eg høyrer på.

Fjols til fjells

Som ein del av friluftslivstudiet eg tek ved Høgskulen i Volda i år, reiste eg på ein sjølvplanlagt helgatur som eg skal skrive etterarbeid om. Turen gjekk til Romarheim og vidare fram i Kalvedalen. Med Siri og Marte som turkameratar vart det ei strålande helg, trass i relativt frykteleg vêr.

Om det å verte vaksen…

Eg er tjuetre og eit halv år gamal. Eg føler meg ikkje gamal. Eg føler meg ikkje vaksen heller. Eg er nok ikkje gamal, eg er heller i min beste alder. Men vaksen held eg visst på å verte. Det er litt skummelt…

Eg har hatt praksis i ulike skular dei førre tre åra her i Bergen. Der har eg gått under termen “vaksen” heile tida. For ungane er eg vel det.

Dette skuleåret har eg velt ein vri der eg rett og slett er ferdig som student til jul, sett vekk ifrå nokre studiepoeng som eg tek deltid gjennom våren. Den praktiske tydinga av dette er at eg vert nøydd til å skaffe meg ein jobb frå januar av. Ein lærarjobb. Ein slik der vaksen-jobb.  Med åtte veker igjen på semesterplanen merkar eg at januar kjem til å kome kjappare enn eg er klar over. Om åtte veker er eg visst ikkje heiltidsskulegangar lenger. Eg vert vaksen, sånn på skikkelig.

Det er ikkje slik at eg har noko imot det å verte vaksen, altså. Det er berre litt rart å tenkje på. Eg nærmar meg tjuefire år. Eg er snart ferdigutdanna lærar. Det er litt skummelt… Men det er også frykteleg kjekt! Eg gler meg!

 

Så skal ein skrive oppgåve då… Kom i gong, Mari. No.

Vaffelhjarte

Førre fredag tok endeleg Vaffelhjarte-serien til på NRK. Ei fantastisk bok har vorte til ein fantastisk fjernsynsserie, og eg gler meg til fredagskveldar med Vaffelhjarte-sjåing utover hausten. I tillegg har kjekkaste Odd Nordstoga laga musikken. Hurra for Vaffelhjarte!

Første episode av serien kan du sjå ved å trykkje på biletet under.

Odd Nordstoga sin musikk frå serien finn du her.