Ei mørk romjul

Det heile starta 1. juledag. Me var inviterte til juleselskap i Nordalen og sat og drakk kaffi då vinden starta å byggje seg opp ute. Hans Olav hadde fått seg gravemaskin til jul og var nøgd med det.

Vinden vart sterkare, og me fann ut at det var best å kome seg heim. Vindkasta tok pusten frå ein, og det flaug greiner og tretoppar veggimellom.

Frå om lag 18:30 1. juledag var det straumlaust i mils omkrets. Det er koseleg ein liten kveld eller nokre få timar, men dette såg ikkje ut til å ta slutt på lenge. Det vart 2. juledag, framleis utan straum. Einaste lyskjelda var stearinljos og lommelykter. Juletreet var svart som natta.

2. juledag gjekk og 3. juledag kom. Framleis utan straum. Det skulle gå heilt til klokka 15:30 4. juledag før stjerna høgt i toppen skulle skine igjen. Nesten70 timar utan straum. Nesten 70 timar utan varmevatn og kalde ferskvarer i kjøleskapet. Nesten 70 timar utan verken fasttelefon eller mobiltelfefon. Nesten 70 timar utan mykje. Ein veit ikkje kor avhengig og glad ein er i elektrisitet før den tek kvelden i 70 laaange timar og du sit på sofaen, i stummande mørkre og ser ut i lufta.

Romjula vart mørk i år. Mørk, men fin likevel. Det kunne vore verre. Hjå oss har det gått fint med hus og heim, det er verre med dei som er hard råka av “Dagmar”-vinden som har teke med seg både tak og treverk.

I dag er det nyttårsafta allereie. Tida går så fort når ein er heime….

Vesle julaftan

Juletreet er pynta, både vårt eige og bestemor sitt. Julematen er kjøpt inn. Julegåvene er pakka inn og køyrt ut. Julefreden har senka seg i Dalsfjord, og eg sit i sofaen og ventar på kjekkedagen i morgon.

Eg vil ynskje alle saman ei retteleg god jul! Vonar alle  får ei fredfull og nydeleg julefeiring.

Julestemning?

Eg sit på eit kaldt soverom og pakkar inn julegåver til den store gullmedalje. Eg har julemarsipan og julesnop ved sidan av meg, og julemusikken strøymer ut av datamaskina. Eg tykkjer situasjonen er rett så koseleg. Men er det dette som er julestemning? Eg veit ikkje. Klarer ein å skilje mellom heilt vanlege koselege ting i kvardagen og heilt vanlege koselege ting som skjer med jul? Vert ting ekstra koseleg fordi det er jul? Korleis kjennes denne julestemninga ut?

Eg er ikkje heilt sikker. Likevel vel eg å tru at det er eit snev av julestemning som gjer det så himla kjekt å pakke inn julegåver sjølv om romet ein sit i er langt under gjennomsnittet varmt. Eg har julestemning. Det er koseleg. Sjølv om det ikkje er snø og hundre minusgrader ute. Eg gler meg til jul. Jul er koseleg. Det må jo vere det som er julestemning. Og jammen bra. I morgon skal juletreet innandørs og få fin pynt på seg. Det er jul!

Juletrehogst 2011

Eg er heime i fine-fjorden, endeleg! Vêret er bra, og i dag var det klart for å finne eit juletre til bestemor. Eg gjekk for det første og det beste, enkelt og greitt.

Juleferie er sålangt ganske digg!

Ferietid!

Eg er ferdig! Etter fire månadar og førtifem studiepoeng kan eg seie takk for meg til Høgskulen i Bergen. Etter jul skal eg ikkje attende. Det er rart å tenkje på…

Men no er det juleferie, og eg har starta julehandelen i dag. Heimreisa er lagt til tysdags morgon, og eg satsar på å ha alle julegåver klare innan den tid. Hurra!

Pus helsar forøvrig god jul! (Og forresten, eg testar ut ein ny layout som gjer at bileta kan visast litt større enn før. Uvant, men me prøvar det ei stund.)

Juleverkstad

Eksamen nummer to av tre er levert. Det er fredagskveld og eg har tatt ei velfortjent pause frå skulearbeid. I kveld har me hatt juleverkstad i heimen, med peparkakebaking på programmet. Eg let bileta tale for seg sjølv…

Sol ute, sol inne

Statusoppdatering, onsdag 7. desember klokka 10.37:

Eg har ikkje komt så langt, sidetalsmessig, men eg er ved godt mot. Ute er vêret heilt magisk! Fuglar set seg på kraftlinja og er tydeleg begeistra for blå himmel og desembersol. Eg er begeistra også, sjølv om eg må vere inne.

#2

Eg sit ved den grønmåla skrivepulten min og gjer ting eg ikkje burde ha gjort akkurat no. Rastløysa slår meg, utan at eg eigentleg ikkje har så mykje å vere rastlaus for. Eg burde ha gjort nyttige ting. Eg burde ha fått ord ned på papiret (les: OpenOffice-dokumentet). Men det går seint framover. Ja, det går faktisk veldig seint framover. Til høgre for meg er vindauget. Ute ser det slik ut:

Eg har heimeeksamen i samtidslitteratur. Norsk 15 studiepoeng. Eg skal skrive om adaptasjon – frå ei bok til ein film. Eigentleg trur eg at eg har mykje på hjartet som vil vere lurt å skrive noko om, men eg kjem liksom ikkje inn i skriveflyten. Merksemda vandrar andre stader rett som det er. Juleferie heime, rusletur i snøen, julegåvehandel. Det er så mykje ein kan drøyme seg vekk i. Denne songen lyd over høgtalarane. Eg tek fram kameraet, utan å heilt vite kvifor. Eg tek bilete av snøen på utsida. Eg tek bilete av englane i glaskarmen.

Klokka er snart halv tre på ettermiddagen, og eg har sett meg som mål at eg skal kome i mål med del I før kvelden kallar. Eg har mykje tankar om kva eg skal skrive. Det gjeld berre å få dei ned på papiret (les: OpenOffice-dokumentet)… Klar, ferdig, gå.

Ha ein fin tysdag, godtfolk! No skal eg skrive. Eg skal skrive mykje. Eg skal skrive fagrelaterte ting i OpenOffice-dokumentet mitt. Eg ynskjer meg sjølv lukke til, og konstaterar at det er èi veke og tre dagar igjen av studentlivet mitt.

2. sundag i advent og julestemning i heimen

Midt i alt eksamensstresset, har eg rett og slett kopla litt ut denne helga. Eg har gjort på ting eg faktisk har lyst til, og skua vekk eksamenstankane litt. Dette vert interessant å sjå fylgjene av, sidan heimeeksamen #2 startar i morgon tidleg. Eg grur meg!

Men, i dag har eg og Marte diska opp med juletallerken i heimen. Tre kjekke gjestar og ein julenissekledd katt var på gjestelista, og svineribbe med tilbehør stod på menyen. Alt vart laga frå botnen, og me er vel stort sett kjempenøgde med vårt første forsøk som julemiddagskokkar! Stor suksess! Nydeleg mat.

Elles har det jo vorte desember, og ei naturleg sjølvfylgje av det er konstant julemusikk over høgtalarane. KLIKK HER om du vil høyre noko av det eg høyrer på.