Eigentleg så likar eg ikkje fotball. I alle fall ikkje når det ikkje er nokon særskilte ting som gjer at eg skal sjå på fotball. I dag spelte Ålesund cupfinale mot Molde. Som den sunnmøringen eg er, kunne eg ikkje gjere anna enn å heie på Ålesund, og jammen vann ikkje dei! Det var spennande òg! Straffesparkkonkurranse og heile pakka. God jobba, Aafk! Eg er stolt over å vere sunnmøring i dag! (Eg er det elles òg, men ekstra akkurat i dag.)

Sundag
november 8, 2009Eg leikar meg. Eigentleg burde eg førebu meg på ein heil del undervisning, lest pedagogikk, samt vaska leiligheita. Vaske leiligheita skal eg gjere straks, men resten tek eg seinare i dag. Eg eksperimenterar på Photoshop i dag. Eg er ikkje så flink, og har gløymt ein heil del av det eg kunne på folkehøgskule, men det er kjekt å halde på uansett.



Orkidè
november 7, 2009I dag fekk eg objektivet mitt i posten. MErka fort at det ikkje er autofokus på det, noko som eg på førehand kanskje hadde forventa. Men, eg har bestemt meg for at eg skal verte flink på manuell fokusering, og at eg berre må verte van med det. Så det skal nok gå fint etter kvart! Førebels vert bileta kanskje ein smule uskarpe, men om ikkje så lenge kan eg tenkje meg a eg har vorte skikkeleg flink på å få skarpe bilete. Eg har fotografert litt orkidèen vår i dag, og merkar at eg likar at det er enkelt å få veldig uskarp bakgrunn. Hurra.
Elles har Marita gebursdag i dag, og me skal snart til sentrum for å prøve å finne noko me kan ha på oss i kveld. Ha ei fin helg!


Julegåvekjøp
november 4, 2009Neida, berre i form av at eg har netthandla meg sjølv ei tidleg julegåve. Julegåver tenkjer eg ikkje på enda. Eg har vore litt crazy i dag, og kjøpt meg ein ny, kjekk ting. Eg har ønskt meg nytt kameraobjektiv lenge, og no når JapanPhoto hadde eit slik eg ville ha, tok eg å slo til. Det var ikkje dyrt, og sikkert ikkje av ein eksepsjonelt god type, men eg har trua på at den er kjempegodt nok for mitt bruk. Eg gler meg i alle fall til å hente det på Posten over helja. Då skal eg fotografere med masse ekstra-zoom til krampa tek meg! Eg gler meg!
Her er i alle fall herlegheita:


Haust
november 3, 2009I morgon skal eg undervise i Kunst og Handverk i verdas kjekkaste 2. klasse. Eg tenkjer å snakke litt om haust og repetere litt om ulike tresortar og bladsortar. Sjølvsagt skulle eg ha gjort dette før alle blada rotna vekk ev regn og intens vind, men eg tek det altså i morgon. Medan regnet og vinden herjar i Bergen skal eg syne bilete på prosjektor av uendeleg vakre tre og blad – solfylte dagar med fine blad i forgrunnen. Me skal snakke om dei ulike sortane og fargane på blada. Seinare skal elevane teikne dei. Eg trur det vert ein fin time!
Hausten i Bergen har vore over all forventning, inntil for nokre dagar sidan. No har nok vêret stabilisert seg omtrent på den lina det kjem til å halde seg på til mars. Regn og rått, samt kald vind. Eg vil heller ha fin, solfyllt haust – med vakre haustfargar i mange månader. Slik vart det ikkje, men me kan teikne blad i praksis i morgon, henge dei opp, og late som om det er ein kjempevakker haust enda. Fint!


Hehehehe 2
november 2, 2009I dag søkte nokon på “hvordan fjerne dobbelsidig tape” for å kome innpå bloggen min. Orsak for at verken det eller “hvordan henge opp gardiner” står noko om her. Kanskje det er same personen? Kanskje han prøvde å henge opp gardiner med dobbelsidig tape, og så funka det ikkje? Hehe, det hadde vore morosamt, det!

Hehehehe
november 1, 2009I går hadde eg ein vitjar på bloggen som hadde søkt på “hvordan henge opp gardiner” for å kome til bloggen min. Orsak for at du ikkje fann noko oppskrift på korleis du skal henge opp gardiner, men å henge opp gardiner er jo vitterleg ein operasjon du burde ha greidd å finne ut på eiga hand, utan å google oppskrifta på det på førehand!
Lukke til med gardinopphenget i alle fall.


Verdas finaste
november 1, 2009Eg har lenge prøvd å finne ut kva som eigentleg er favoritt-songen min av Coldplay. Det er så uendeleg mange vakre å velje mellom, men eg trur eg har funne fram til den eg likar absolutt best. Denne songen kan eg høyre igjen og igjen og igjen utan verte lei av den.
Amsterdam er rett og slett perfekt! Hurra for Coldplay og verdas finaste song.

Veit du?
oktober 31, 2009Helg er noko av det mest fantastiske eg veit! Eg er glad for å ha fri eit par dagar. I dag har eg hatt det fint. Eg har vore i sentrum med Siri, kjøpte meg to klemmer og ei jakke – storhandel. Elles var eg, Siri og Ingvild på “Knerten”. Det oppmodar eg alle å sjå. Veldig kjekk film!
Men no er det laurdagskveld, og då skal ein ikkje bruke opp tida med å skrive blogg. Ha ein finfin kveld!

Veit du?
oktober 28, 2009No hadde eg eigentleg mest lyst til å skrive eit skikkeleg kjekt innlegg å poste på bloggen, men slik vert det ikkje i dag. Eg er så lei av dagen at ein kan få lyst til å grine. Er ikkje lange stunda sidan eg kom heim, etter å ha vore på farta sidan klokka halv åtte i dag tidleg. Eg har mellom anna oppheldt meg fire timar på helsestasjonen for berre ein liten filleting. Makan til dårleg køsystem skal ein leite lenge etter! Eg kom dit halv fire og fekk kome inn til helsesystra ti på sju. Jada, for ein strålande dag dette har vore!
No har eg enormt lyst til å legge meg å berre sove og sove og sove i maaange timar, men sjølvsagt er det ting ein må gjere. Til dømes å skrive planleggingsskjema til RLE-prosjekt på fredag. Hurra! Æsj, eg er så lei. Aller helst vil eg faktisk sove. Men når eg då først legg meg, så er det ikkje mange timane til eg må stå opp igjen, og då er det ikkje så kjekt å sove likevel.
Fy flate, for eit syteinnlegg. Eg trur eg må stoppe no, før det tek heilt overhand – noko det truleg kanskje allereie har gjort.
God natt, om ei stund i alle fall!

Laurdag 24. oktober 2009
oktober 24, 2009I dag har det vore FN-dagen. I praksis markerte me den tysdag, så eg har ikkje merka noko av den i dag. Elles er det vel eigentleg 25. oktober no, då klokka er halv ett. I dag stod eg opp kvart over ni, og føler eg har fått mykje ut av dagen, sjølv om den ikkje har vore så produktiv.
Og så skal me stille klokka ein time attende i natt, noko som tyder at ein får ein ekstra time søvn. Eg tenkjer å legge meg no og nyte den ekstra timen! Hurra!
Høyr på songen nedanfor! Digg. Etterpå får de ha ei god natt og ei vidare god helg!

Ånei!
oktober 22, 2009I dag kom dei uendeleg triste nyhendene om at Volda Mineralvatn (Brænne Brus) har lagt ned fabrikken sin. Kva skal ein gjere utan å ha moglegheita til å kjøpe seg RC, Asina og Eplerose! Eplerose er rett og slett brusa over alle bruser. Eplerose slår til og med Pepsi Max, og det skal mykje til! Eg kjem til å sakne Volda Mineralvatn. Brænne-brusa har liksom alltid vore i kvar einaste gebursdagsselskap og kvar einaste jul. Nei, eg er rett trist. Æsj!


Kreativitet
oktober 21, 2009Av og til misunner eg born. Born som har ingenting å uroe seg over. Born som er glade og kjekke og over gjennomsnittleg søte. Born er rare vesen. Eg misunner alt dei finn på. Alt går liksom an. Alt er kjekt.
I dag hadde eg turdag saman med 1.- og 2. trinn. Turen gjekk til eit krigsfort frå 2. verdskrig eller noko sånn. Utsikta var i alle fall ingenting å klage på, og Bergensvêret viste seg frå si aller beste side. Sola skein og eg kunne sjå ei utsikt som viste seg heilt ut til enden av sidesynet mitt. Fantastiske Bergen! Borna leika seg i timesvis rundt om på det enorme området. Verdskrig og liknande. Eg misunner born som lever seg sånn inn i rollene at dei faktisk nesten trur det er verdskrig. Noreg kjempa mot Tyskland, og etterkvart meldte eit einmanns-Danmark seg òg inn i kampen. Sverige var nokre skumle spionar som hadde brent opp prov på mange hemmelege operasjonar. Borna sprang rundt på området og fann gamle bunkersar. Då eg fann fram lommelykta og tok med meg nokre av dei inn i ein slik bunkers, var dei svært fascinert over at eg ikkje var særskild redd for å støyte på eit eller anna skjelett eller ei bombe eller noko.
Sitat frå elev, 7 år, etter at dagen var over: “Visste du at den andre verdskrigen faktisk har skjedd på ekte? “
I løpet av dagen fann me både brukte bomber (steinar), blod på bunkersveggane (spraymåling), og hemmelege, svenske beskjedar (som viste seg å vere ei handleliste). Eg misunner kreativiteten og fantasien til borna. Kvar vart den av når ein vart store? Av og til trur eg det hadde vore kjekt å leve seg inn i ein heilt annan røyndøm, der ein sjølve kunne styre nøyaktig kva som skulle skje.


Etterlysing
oktober 20, 2009Eg har mista dekselet på min kjære, kjære Sony Ericsson W810i. Dersom nokon har ein avdanka slik ein i ei bortgøymd skuff: Kunne nokon tenkje seg å donere vekk eit slikt batterideksel til meg? Då hadde eg vorte uendeleg glad!


Kyrkja
oktober 18, 2009Kyrkja er ein kjekk stad å vere i. Eg har vore i kyrkja i dag. Barnekoret hadde sin første opptreden dette året. På repertoaret stod mellom anna “Dette vesle lyset mitt/This little light of mine”, der underteikna og Gyri brillierte med sine gitar- og klokkespelevner. Etter gudtenesta var det kyrkjekaffi og kyrkjesaft. Gratis mat klokka 12 på ein sundagsmorgon skal ein ikkje seie nei til!
Seinare i kveld skal eg i kyrkja igjen. Ikkje i den same kyrkja som tidlegare i dag. Ikkje i familiegudsteneste, heller. Eg skal vere med på opplæring som medhjelpar i studentmenigheten. Vonar det vert bra.
No ventar Coop kjøpepizza med rømme og salat. Hurra!
Slenger med eit veldig uheldig bilete (av meg) frå kyrkja sine internettsider. Barnekorleiarar er jammen kjekke! (Eg ser no, etter å ha lagra innlegget, at Helene diverre vert kutta i to. Dette var sjølvsagt ikkje meininga!)

Lei
oktober 18, 2009Av og til merkar eg at eg vert så veldig lei. Lei av det aller meste. I alle fall lei av rot.
I morgon (tja – idag) er det hausttakkefest, sånn apropos at eg er litt lei. Ikkje at dei to har noko med kvarandre. Barnekoret skal i alle fall syngje i kyrkja.

Praksis og torsk
oktober 14, 2009Eg har vore tre dagar i praksis på 2. trinn. Heftig mange ungar – små ungar. Sju år liksom. Men det er kjekt. Dei er kjekke. Eg gler meg til å kome inn i rutinene. No er det berre stress. Eg gler meg til helg. Men eg gler meg til dei neste 4,5 vekene med praksis òg. Eg vonasr det vert bra. Interessant og bra. Lærerikt. Kjekt.
I dag har eg hatt kokte poteter og gulrot med steikt torsk til middag. Makan! Eg er stolt av meg sjølv. Eg skal verte flinkare med middag framover. I morgon trur eg det vert kjøtbollar. Eg fekk lyst på kjøtkaker i brun saus og fårikål.
Elles har eg oppdaga tidenes songarinne på Spotify. Søk på “Wing sings”, og så får du fram alle dei 13 (!) CD’ane hennar. Mine favorittar er førebels “Dancing Queen by Wing” og “Wing sings AC/DC”. Elles kan eg anbefale songar som Do-re-mi og songane på “Wing sings the songs you love” (evt. used to love – som det kanskje heller skulle vore). Men, ja. Sjekk ut. Det er fantastisk! Eg kjem til å leve på dette i vekesvis framover. For ei underhaldning! (Ho fins på YouTube også, for de som ikkje har Spotify.)
No er klokka halv ti, og eg vurderar seriøst å legge meg no. God natt, kjære deg! Eg skal ha ein matematikktime i morgon. Me skal måle ting med linjal, blyantar, binders, meter og liknande. Jej.

Fint vêr i Bergen! Omg lizm!
oktober 10, 2009I dag tok eg og flaug meg ein tur på Løvstakken. Neida, eg gjekk. Men det kan sjå ut som eg flaug.


En ekte lofottorsk jeg er
oktober 9, 2009Eg har lenge meint å legge ut bilete av husdyra me (les: Rebekka) har skaffa seg, men har ikkje fått meg til å gjort det før no. Fiskar i søkk og kav. Mini-fiskar i oransje farge. Me hadde 17 i utgangspunktet, men no har det minka drastisk. Det er framleis mange, men eg mistenkjer at det har komt nokre nye når eg har vore heime på ferie. Elles har det komt to ekle, algeetarar. Makan til uelegante fiskar. dei syg seg fast til glaset og vert verande der i lengre tid. Glasa vert reine då i alle fall.
Her er akvariet før det vart bebudd:

Og så vart det bebudd. Det er litt vanskeleg å fokusere på ein million fiskar samstundes, så det syner berre ein av dei på biletet. Ein av storegutane. Dei andre er så små at det ikkje er noko vits å vise dei. Her i alle fall:


Ein dag full av hendingar i den vide verda
oktober 9, 2009Dagen i dag viser seg å vere ein voldsomt begivenheitsrik dag. Mykje har hendt rundt om i verda så langt i dag.
9. oktober er verdas eggdag. Nei, eg tullar ikkje. I alle fall i følgje Regionavisa frå veke 41. Så kok dykk eit egg, steik dykk eit egg, lag eggedosis, lag pannekaker eller vaflar, mal på egg og spar dei til påske. Ja, de forstår poenget. Utnytt egget i dag!
Klokka elleve i dag kunne sjølvaste Torbjørn Jagland, nyinnsett generalsekretær i Europarådet, gratulerer sjølvaste president Barack Obamba med seier’n i kapplaupet om å vinne Nobels Fredspris 2009. Obama syns nok det er kjekt, og jammen kjem han ikkje på besøk til Oslo i desember for å sjå på ein sånn nobelkonsert.
I Kina driv ein attenåring frå Tønsberg og vinn ein heil del “sports”-kampar. Magnus Carlsen ligg som nummer 2 på verdsrankinga i sjakk, men kven veit når han tek overtaket på Veselin Tobalov frå Bulgaria. Magnus vinn i alle fall masse pengar og alt det der, og slikt er vel i og for seg bra. Og så med å spele sjakk då! Sjakk liksom. Sær “sport”.
I 1940 på denne dagen var John Lennon fødd, ja, han Beatles-fyren. Elles vart Jens Bjørneboe fødd i 1920, men det er vel kanskje ikkje av så veldig stor interesse. Og så må eg sjølvsagt (og så meiner eg sjølvsagt) nytte høvet til å gratulere sjølvaste Tande P. med gebursdagen i dag!
(Elles er bloggen litt klikk for tida. Veit ikkje heilt kva som feilar. Vonar det rettar seg i næraste framtid. Ha ei fin helg!)